tirsdag 21. oktober 2008

Det kissebær eg gjev deg...



Denne songen har eg leita etter lenge. Eg kunne noko av den norske versjonen og noko av den engelske. Men til dette biletet eg tok i august, måtte alt vere med.

Det kissebær eg gjev deg har ingen stein,
den kjuklingen eg gjev deg har ingen bein,
den soga eg fortel deg har ingen slut,
det barnet som eg gjev deg har inga sut.

Koss kan det vere kiss'bær og ingen stein,
koss kan det vera kjukling og ingen bein,
koss kan det vera soger og ingen slut,
koss kan det vera småbarn og inga sut?

Eit kissebær i bløming har ingen stein,
ein kjukling inni egget har ingen bein,
og soga om vår kjærleik har ingen slut,
eit barn når det er sovna har inga sut.

Til norsk ved Hartvig Kiran.

Eg gjekk til mitt lokale bibliotek og leita etter songen i alle dei visebøker der var,og eg visste at Hartvig Kiran hadde omsett denne. Fekk hjelp av eit nabobibliotek, som søkte i basar og fann boka som songen stod i. Boka vart tinga frå fylkesbiblioteket. Men akk, boka hadde kome bort!
Eg skulle til Oslo og gjekk opp på sjølvaste Deichmann. Der fann dei ut at boka var utlånt. Vel heime, tinga eg boka i biblioteket i den næraste storbyen, og etter nokre dagar var boka på plass i mitt lokale bibliotek. Det er Noregsbiblioteket på sitt beste.
Ein kan sitje heime og søkje fram boka, tinge den t.d. i Risør bibliotek og hente den på Marnardal folkebibliotek. Og jammen kan eg levere att boka i Sirdal eller Evje - om eg no er der!

Lån og levér kvar du vil. Bibliotek er toppen!!

Men når eg no har fått tak i "Viser om kjærlighet fra mange land", redigert av Tone Bergli Joner, må eg også ta med den opphavelege, amerikanske folkevisa, "The Riddle".

I gave my love a cherry that has no stone,
I gave my love a chicken that has no bone,
I gave my love a ring that has no end,
I gave my love a baby with no cryen.

How can there be a cherry that has no stone?
How can there be a chicken that has no bone?
How can there be a ring that has no end?
How can there be a baby that has no cryen?

A cherry, when it's blooming, it has no stone,
a chicken when it's pipping, it has no bone,
a ring - when it's rolling, it has no end,
a baby when it's sleeping, has no cryen.

No skal eg lære meg denne songen. Så skal eg levere att boka - og låne meg ei ny. Frå mitt bibliotek, eller frå eit anna. Eg kan faktisk låne frå alle bibliotek i heile Noreg.

3 kommentarer:

Fivrel sa...

Endeleg fekk me høyre desse versa du har tala om i heile haust - "eit kissebær i bløming" har vore ei mykje sitert line!
Fint vers ;-) Og så var det gama å lære seg eit nytt ord - "pipping"! A chicken when it's pipping. Det kan kome til nytte seinare i verda ;-)

No skal eg gå og stelle meg ei stompeskive med kyssebærsyltetøy, kanskje frå nett dei greinene du har bilete av her øvst? Mmm, naugodt er det iallefall! :-)

Lilledora sa...

Nyyyyydelig, jeg tror jeg kan litt av melodien, ihvertfall tror jeg det. Det sang inne i hodet mitt da jeg leste teksten.
Vel verdt å vente på, høres så romatisk ut, eit kissebær i bløming.

Harald Haugland sa...

Det du skreiv om å låne bøker frå andre bibliotek, det nytta eg meg av i haust då eg fann ei bok på Internett som eg godt kunne tenkt meg å studert litt i.

Eg skreiv ut heile informasjonen om boka og leverte på biblioteket. Så gjekk det eit par veker, og plutseleg låg boka der, klar til å granske i og til å verte informert av.

Eg likar det systemet. Eg likar endå betre systemet som gjer at eg kan låne ei bok i Kristiansand og levere den der eg er når boka skal leverast. Å sleppe å ta ein ekstra tur til byen for å levere ei bok, det er service for bokfolk.