lørdag 11. oktober 2008

Det var ein gong...



ja, det var den gongen at dei tre Bukkane Bruse skulle heim frå støylen. Dei hadde vore på heia heile sumaren. Dei hadde reist dit tidleg, så dei fekk med seg alle dei gode urtene på støylsvollen.

Men så var det ein dag i siste veka. Då fekk dei høyre at snøen låg i Tveitebølia og på Hommfjødd. Graset hadde gulna, og det var ikkje rare smaken på det. Men dei visste at nede på jordet låg det fullt av traktoregg eller kumatpakker, som sume kallar dei, og dei visste og at i tadden ville det vere godt og varmt å vere i vinter. Difor tok dei på heimveg. Men på vegen kom dei til Joresåne, og dei måtte over brua. Men kven bur under den brua?? Dei tre bukkane greidde seg, takk vere den største bukken som stanga trollet i fossen. Til stor jubel - frå store og små som såg det heile.


Katten med støvlane var der og. Og han fortalde dette eventyret for små og store som hadde funne eventyrstien den vakre oktoberkvelden i bygda mi. Vi hadde kulturveke, med tilskipingar kvar kveld. Noko for store og noko for små. Bygdekvinnelaget hadde i samarbeid med folkeakademiet laga til ein eventyrsti. Opp dei bratte bakkane frå Preststøyl stod , sat eller låg 8 eventyrfigurar, og dei som gjekk stien , skulle gjette kven desse figurane var. Der var m.a. reve-enka, prinsessa som ingen kunne målbinde, prinsessa på erta, den sjette og sjuande far i huset og Oskeladden. Og alle var så fint pynta og måla at dei 80 - 90 menneska som gjekk forbi, var opp i under. At konene i bygdekvinnelaget kunne lage til noko så morosamt!


Då alle hadde gått over brua (trollet låg heldigvis under fossen) og var komne til samlingsplassen, vart det servert trollpølser og heksesaft til alle.


Folk kosa seg i den flotte oktoberkvelden. Borna hadde det moro, og det var litt skummelt, tykte dei minste. Alle sa det var ei flott oppleving, og denne tilskipinga ynskjer dei og neste år.

For kulturveka kjem kvart einaste år. I bygda mi.



7 kommentarer:

Lilledora sa...

Så moro å lese og se dere. Skulle ønske vi var der, men dere er jo sååå langt vekk. Kjente deg igjen på skjerfet, tror jeg har sett det før. Artig at du endelig tok deg tid til å slrive et innlegg igjen. Moro å følge med serru u.

Hilsen fra landet sa...

Dette er akkurat slike arrangementer som er så viktige å holde på - hvor liten og stor kan ha det moro sammen!

Fine minner å ta med og dele senere. Husker du så mye moro vi har hatt sammen med utkledning og jodling?!?! :-D

Om bloggeren sa...

jøss! slikt fantes ikke i bygda di den gang bygda også var mi! der skulle jeg vært - slike ting elsker jeg:)

Unknown sa...

Åhhh - det så skikkelig artig ut, ja. Noe sånt ville små-englene ha elska;)
Du var jo utrolig fin da - så akkurat ut som katten med støvlene du.
Misunnelig Misunnelig

Torill sa...

Så kjekt at du tok turen innom bloggen din, denne bloggen er ny for meg. Det er sjølvsagt at eg skriv nynorsk då Ivar Aasen var fødd og oppvaksen i nærleiken av der eg bur. Nynorsken har kome inn med morsmelka og er svært viktig for distriktet vårt. Eg er meir overraska over at du skriv nynorsk som kjem frå Trøndelag. Eg trudde alle frå Trøndelag skreiv bokmål, men då tok eg nok feil. Ha ein fin dag vidare :-)

Torill sa...

"så kjekt at du tok turen innom bloggen DIN"... Høyrt slikt tull? Meinte bloggen MIN sjølvsagt, men det skjønte du kanskje :-)

Fivrel sa...

Så gama dette såg, og høyrdest! Både for dei små og store som kom opp bakkane for å sjå og høyre, men like mykje for dei som var så heldige å få verte måla så fint og få lov til å kle seg ut og gøyme seg oppi skogen, midt i veka slik! :-)