fredag 24. oktober 2008

Haustbrev



Haustbrev
er tittelen på dette diktet av Ingebjørg Kasin Sandsdalen:

Jorda tenkjer tungt om hausten.
Båten driv -
Skogen talar mildt med vinden.
- Korte liv.

Bekken fløyter lauv i oset.
Rognen blør.
Mosen legg si hand på steinen.
Ingen spør,-

ingen spør kva steinen kjenner
mot sitt kne.
Snøen legg si hand på mosen:
Vi er tre.-

Grana dreg si svarte kutte
tett ikring.
Bjørka legg sitt slør om foten.
Ingenting--

ingenting til vern mot kulden.
-Korte liv.-
Vatnet voggar siv i sanden.-
Båten driv.

Det er triveleg å få skjermbrev. Artig å få kommentarar på bloggen. SMS på dialekt får meg til å le. Men toppen, det er å få eit brev -eller ei pakke i posten. Å sitje der med det uopna brevet - eller ei pakke, sjølv om du ikkje har bursdag. Ei slik pakke fekk eg i går. Med den nye CD'en til Herborg Kråkevik og eit nytt og fint bokmerke. Og Hainn te mæ fekk kaffe. Han måtte smake på kaffen, sjølv om det var kveld, og nattesvevnen vart borte.

To sjeler og ein tanke: For medan eg opna pakka, visste eg at mi pakke og var på veg.
På slutten av seksti-talet, då eg var student i hovudstaden, fekk eg pakker heimanfrå. Den gongen var nok studentane fattigare enn no, og det kom godt med å få ei sending frå heimen. Ofte med ei pakke spekepøls' og noko te, ei kopptu' og litt sjokolade. Sjokoladen kom frå tante som jobba på Nidar, og alt anna kom frå mamsen.
Det er tanken bak som tel mest, det tenkte eg på då eg putta tyggis, papirlommetørklær, sjokolade og masse avisutklypp i posen eg sendte til studenten min i hovudstaden.
Takk til posten som let meg bruke frimerka omatt. Ja, dei var ikkje stempla fyrste gongen eg fekk konvolutten. Og no høyrer eg frå studenten at ho og kan bruke konvolutten igjen. Posten har ikkje stempla no heller. Dette er då gjenbruk på det beste!

6 kommentarer:

Lilledora sa...

Fint dikt, jeg elsker pakker både i posten og ellers. jeg liker godt å se når andre får pakker og jeg. Det er såååå spennende og se og riste og løfte på pakken. God helg til deg og "hain te dæ"

Fivrel sa...

Takk for sers gama pakke, ja! Der var det jammen mykje fint, og ikkje minst godt og nyttig :-) Alle utklyppa og songane har eg lese meg gjennom, men sjokoladen har eg spart endå noko til... Spesielt gama er det å få pakker som er fine i seg sjølve også, altså at sjølve innpakninga er gjennomtenkt og vel gjennomført.
Løv (med eit påteikna lauvblad) is in the air, stod det på pakka eg fekk :-) Og med bilete av sauer, hihi. Det mest praktiske av alt er at ikkje posten stemplar, slik at 50-kroners pakkene kan frekventere jamnleg mellom by og bygd, til glede for store og små (eeh, no heiter det vel kanskje unge og vaksne, eller vaksne og gamle, kva veit eg?!) Ha ein fin laurdagskveld, stor klem :-)

Fivrel sa...

Så fin sida di har vorte, Bibliofiol! Rektig haustleg, og sjølvsagt - RAUD! :-) Det kan vere artig å fornye seg ein gong i blant :-)

Unknown sa...

Åhh - for ei fin og høstlig side du har fått da!!
Jeg og liker pakker. Jeg liker godt å få, og jeg liker godt å sende, - det er bare det at jeg er født med sirup i rævva - noe som gjør at pakkene ofte ikke blir sendt i tide.
Kort liker jeg også veldig goddt, det gjør ungene mine også. Innimellom får de kort fra ei gammeltante - og noen ganger fra ei ainna venninne i hovedstaden, - da er det fest. Vi er ikke så flinke til å sende kort selv, men vi jobber med saken, fremdeles!!
Kos dokker i høstmørtet. Klem fra en av dæm som bor midt i.

Kathrine sa...

He.. Har i mange tiår god trening med og resirkulere frimerker. Hadde brevvenner fra nesten 20 land for tredve år siden, men bare de norske kunne brukes på nytt. Da skrapte jeg bort stemplet med en standleykniv, og brukte frimerket på nytt. Og nå, når de ikke er stemplet; bare legger de litt i vann så limer de seg sjøl videre til neste brev. Pakker og brev er topp!! Og så samler jeg på frimerker, så dette med stemplene er litt trist da...

:-)

lokalsamlingen sa...

Hei, kjære Ugla!
Tro det eller ei, her kommer en blogg-kommentar! De er som følger: Utrolig stilig blogg du har!