fredag 19. desember 2008

Nå har vi vaska golvet...

Ja, det har eg. Vaska golv, mange gonger. Men eg kan ikkje skryte på meg noko vedbering, for det gjer Hainn te mæ, og han fyrar så det durar i omnan'. Fuggelband har eg ikkje fått tak i, og eg har heller ingen havreåker i år. Eg hadde det nokre år. Vi laga jolenek og stod i sentrum og fraus på fingran' og selde Dei var fine - i utgangspunktet - knytte på den gamle måten. Eg hadde ein stor haug i løa, men då eg tok dei fram i desember, hadde det vore mus i haugen, dei hadde riktig kosa seg, så eg måtte slå fleire band saman for at det skulle bli mat til småfuglan'. Nei, dette vart ikkje noko nisje for meg, nei.

Treet kan eg ikkje pynte, for det er ikkje i hus. I min barndom hadde vi pynta ferdig hus og tre, lislejolekvelden. Men dit eg kom då eg gifta meg, var det andre skikkar. Og ein må jo ta skikken der ein kjem.
(I alle fall ei stund). Her henta dei joletreet på jolekvelden. Og det skulle vi pynte når jola vart ringt inn. Men vi endra fort på den skikken, og no får vi treet i hus på lislejolekvelden, og vi pyntar det den kvelden.

Vogga kan eg godt rugge på, for der ligg jo Bjørn Helge. Bjørn Helge vert 54 år på jolekvelden, og han er framleis gullande snill. Han er ei babydokke , kan skrike om du legg han på magen og han kan late att augo når han søv. Den dokka hadde eg sett i eit butikkvindauge , der dei selde dokker og barneklede. Heile hausten i 1.klasse sparte eg alle øra eg fekk. Kroner var det ikkje så mange av, den gongen, og eg kan minnast at han kosta 45 kr. Nokre dagar før jol mangla eg enno 15 kr., og eg vona at eg fekk pengar til jol så eg kunne handle på nyåret. Syskenbarnet mitt, han Knut, hadde sagt at han ville gje meg 3 kr. i gåve, så eg hadde ei von om dokka.
Stor var gleda då eg fekk ei veldig stor pakke på jolekvelden, og eg kunne mest ikkje tru mine eigne auge då eg såg dokka . Han hadde ordentlege babyklede, og han smilte til meg. Det var gått gjetord i familien at eg sparte til denne dokka, og det var mange gåvmilde gjevarar som ville glede meg.
Namnet hans berre kom av seg sjølv. Stundom leika vi at han var jente, då var namnet Rikke.

Eg kan godt dra krakken bortåt glaset og finne leia til jolestjerna. Den skin ikkje over noko jordmorhus her i bygda, men over den spesielle fjelltoppen vi har. Segna om det fjellet seier at den dagen 7 systrer gifter seg med 7 brør, skal fjellet ramle ned. Men eg er ikkje redd for det. Folk får så få born no til dags.

Alle veit at det er Alf Prøysen som har skrive Julekveldsvisa. Med sine 7 vers rommar den heile joleevangeliet. Så enkelt kan det seiast.
-"og såmmå å som hende er stjerna like stor
-du ser a over taket der a Jordmor-Matja bor".

8 kommentarer:

Lilledora sa...

Så koselig at du har Julekveldsvisa som tema på dette innlegget.
Juletreet vårt står i garagen, og der skal det i hvertfal stå til søndag eller mandag, for da håper jeg at jeg ferdig pyntet på stua. Jeg tar nå ett rom av gangen. Jeg er ferdig på Gubbens tv.rom, der er det både juletre og litt av hvert annet. Det ble ganske fint og det håper jeg resten av huset og blir når det lakker og lir. juleklem fra meg

Anonym sa...

Dette var triveleg og stemningsfullt innlegg. Topp å pynte joletreet lisle jolepdan, det er så mykje som skal ordnast på den store dagen likevel. Men slik gjorde dei i gamle dagar då. Det vert nok ei koseleg jol når gromjenta kjem heim med følge. GOD JOL.

Hilsen fra landet sa...

For meg har forberedelsene til jul blitt veldig, veldig ulik vanlig. Jeg har ikke skrevet brev, kost meg med fine innpakninger eller laget knekk eller pepperkaker. I det hele tatt nokså stusselig slik sett. Tiden er gått med til å komme sent hjem etter kveldsvakter og lesing. Håper å ta det igjen og at julestemningen siger inn likevel. Vil gjerne si at jeg tenker på dere og skulle aller helst gjerne vært sammen med dere.... Klem fra meg

Kathrine sa...

Riktig god jul til deg:-))

Julehilsen fra Kathrine

Kathrine sa...

Oi, har du ett av maleriene mine fra Heimdalsutstillingen kanskje?
Husker jeg solgte noen der, men hvilket har du tro? Blå/grønt kanskje?

Her er det bare et lite dryss på bakken som er hvitt. Is under, og regn fra i morgen. Men nå er huset pynta så koselig, da kan jula bare komme:)
Kos deg/dere, og hils igjen:-D

Fru Keilegavlen sa...

Så koseleg innlegg! Ynskjer deg og dine ei riktig god jul!

Kathrine sa...

Riktig godt nytt år til deg:-) Beklager at jeg spør, men hvilker av mine malerier har du hengende på veggen da? Syns det er så spennedne skjønner du:)

Her snør det, endelig. Alt er hvitt ute! Deilig:)

Kos deg fortsatt, i det nye året!!

:)

Ugla sa...

Kathrine; biletet du har laga kjøpte eg på ei utstilling på Heimdal i januar 2007. Det er i grønt og blått. Når desse ungdomane kjem att frå fjelltur, skal dei få hjelpe meg og leggje ut biletet, slik at du ser det.
Godt nytt år til deg og dine frå oss i sør.