søndag 16. august 2009

NYST MUNDE DET REGNA

Nyst munde det regna så såre,
og det dryper av tre og av runn:
vind og stein, furugrein hev deg rivi,
dei hev sliti di kåpe i sund.
"Om de regner og snor, om det stormar av nord,
uti hugen så leikar dine ord!"
Dansk folkevise omsett av I. Bøhn




Det er mangt ein kan gjere om sommaren om det regnar. Ein kan rydde opp i potetkjellaren og koke dei siste potetan' og lage eplekaker. Så kan ein gå ut i skogen mellom regnbygene og plukke blåbær - eller i hagen etter jordbær - og så setje seg på verandaen med alle godsakene.
Og kjem det då ei regnskur, er det berre å finne fram parasollen og leike at det er ein stor paraply. Det går det og!






Ein kan og sitje inne og saume nye gardiner. Og ein kan rydde på loftet og finne ut kva for gamle klede ein kan klippe opp til matt'filler. Det er eit arbeid som helst passar i friluft, men ofte når eg har teke med meg sekken med gamle klede ut i det fri, så har det kome ei skur. Og i all hast inn med alt. Litt av eit styr, men det går det og.
På festivalkonsertar kan ein reise om veret ikkje er så bra. Då lyt ein utstyre seg med støvlar, ullgenser og regnjakke. Er det opphalds når du kjem dit, har du sjølvsagt alt i ryggsekken. Men pass på. Inga vassflaske må vere med. Og festival-vaktene stolar ikkje på om du seier at du ikkje har noko drikkanes i sekken. Og det er ikkje fordi dei er redde for at du skal drikke - nei, dei er redde for at EG skal kaste flaska mi på musikarane!! Eg har blitt stoppa 2 gonger. SÅ mistenkeleg ser eg ut.
Vi har reist ein del i fylket vårt og i nabofylka i sommarvekene, og det er ikkje mange utstillingar vi ikkje har sett. Mange flotte måleri, av kjende og mindre kjende kunstnarar, kunsthandverk og mange artige innstallasjonar. Men den kleshaugen som låg utanfor Låven i Seljord, den lika eg ikkje. Eg vart provosert, men då hadde vel kunstnaren oppnådd det han ville.
Det har vore noko lite besøk her i sommar. 2 små og 2 store Vikingar var her - med liv og lyst kosa vi oss saman. Gullungen og kjærasten ser vi meir til no enn før. Det er stor glede i heimen for at dei har busett seg berre to bil-timar unna.
I gamle dagar - dei fyrste åra etter at eg flutte her sør, hadde vi jamt fullt hus i ferietida. Det hende at alle 5 soveroma var opptekne, og vi måtte til og med ha nokre sovande på sofaen i stoga. Men då hadde eg god hjelp i huset. Det var den gongen då mor mi var rask og før og kosa seg som hushalderske i slåttonna. Då var eg ute med riva heile dagen. No ser ein ikkje folk med river lenger, no er det berre traktorar ute på jorda. Eg må ha blitt gamal.

7 kommentarer:

Lilledora sa...

Før "i gamle dager" var det sol og fint vær over nesten hele Norge i ferietia. Nå regner det bare og er surt og kaldt, da reiser nordmenn sydover til solen og varmen. Slik er det med den saken.
Veldig fine potetkaker du har stekt, syns nesten jeg kjenner lukta og smaken av de. Ja, det er mangt en kan finne på når det regner, man kan stikke mens man hører på lydbøker, eller strikker mens man ser på fri-idrett på tv

Hilsen fra landet sa...

Et slikt innlegg trengte jeg virkelig... for jeg er så skuffet over mangel på sol og varme og bademuligheter. Burde vel tenke på andre ting det er mulig å gjøre ja.

Men ingenting er som lune, lange sommerkvelder ute med summende skumring og mild bris i bjørkeløvet... :drømme:

Ingalill. sa...

Sånne potetkaker (og lefser) er jeg veldig glad i. Veldig glad i. Så glad i at det nesten er en forbrytelse at slike ikke sendes ut jevnlig i smartpakke.

Fivrel sa...

Mmm, det såg godt ut - nylaga eplekaker som er så varme at smøret smeltar, etne innimellom bakinga i kjellaren - eller oppe på kjøkenet når bakinga er ferdig og kakene ligg i store stablar i kjøkenhandkle på benken. Med rjome og jordbærsylte - eller nyrørde tytebær!

Og angen av brent mjøl frå den store, svarte takka, angen av matauk og overflod som fyller huset og gjev ei kjensle av Heim.

Her aust'e må husmoderlege syslar som eplekakebaking diverre vike plassen for Karriæren - i går arbeidde eg to arbeidsdagar på éin - det var 15 timar frå eg reiste frå huset om morgonen, til eg kom heimatt i skumringa.

Eg saknar såleis husmoderlege syslar, og kom difor att ein dag tidlegare frå ferieturen for å vere husleg ein dag. Eg steikte stomp og baka kanelsnurrar, støvsuga heile huset, banka mattan, tvo tile, støvsuga glaskarmane som ein annan ungkar (obs obs, dersom ein har planter med lange blad, det har eg, og dei fekk jammen støvsugd seg av vanvare, dei au) - og laga ordentleg middag. O lukke, eg må visseleg ha eit gen som gjer seg sterkt gjeldande ;-)

Kathrine sa...

Nesten som trønderværet dette innlegget ditt om vær.
Sjøl er jeg lei prat om vær. Syns du har fiksa det bra!

Sjøl dro vi nordover og opplevde noe av det flotteste jeg noen gang har sett av Norge, Lofoten og resten av Nordland. Tok tid å finne bakkekontakten igjen her hjemme.
Nå suller vi med vedarbeid på hytta, og kantarellplukking. 5 kg på noen timer er bra. Og det bugner i skogene!
Blåbær, rips og solbær vel i hus.
Det blir julegaver i år og.

:)

Lilledora sa...

Hei, hva med en ny oppdatering da??? Har du ikke plukket noe bær, besøkt gullungen eller kjøpt noen nye sko i det siste da??? Noe må du vel ha og fortelle de nyskjerrige, som bare sitter og venter på ny oppdatering.

Ingalill. sa...

Helt enig - kan jo ikke holde på sånn - hemmelighetsfull og fåmælt. Ut med det.
(og du doradora i glasshuset - ser ikke akkurat daglige anekdoter hos det heller.)