onsdag 8. juli 2009

No ser eg atter slike fjell og dalar...

No ser eg atter slike fjell og dalar
som dei eg i min fyrste ungdom såg.
Og same vind den heite panna svalar.
Og gullet ligg på snjo som før det låg.

Ok, då! Eg veit vel at dette diktet er Rondane av A.O.Vinje - og bileta eg syner fram er frå ein annan kant av landet. Men eg tykte dei passa så godt til kvarandre.
Og i desse fjella har eg vandra i snart 40 år, frå min fyrste ungdom. Ja, i barndomen var ikkje desse fjella i tankane mine ein gong. Men mangt endrar seg.





Her var den fyrste lange kvileøkta. Dei fyrste åra eg vandra her, hadde ikkje denne tjønna namn. Men dei tre som vandra her år etter år, meinte at ved dette vatnet var det så godt å kvile - ete ei skive og kanskje ein jogurt og så drikke seg utyrst av den siklande bekken. Det kom nok fram mange namne-framlegg, og det vi enda opp med vart KLIVE-tjønn. Namnet står ikkje på noko kart, men den vandrande klanen som no har fått 3 fleire medlemer, veit kor dette er.
På ei veke har eg gått denne fjellturen 4 gonger. I steikande sol og med sveitte i panna og langs ryggen. Det var så tørt i fjellheimen at eg kunne gå i sko heile vegen. Sekken var passe tung, og eg brukte like lang tid som i min fyrste ungdom. Det er eg mektig stolt av!


Det vart gode dagar. All matlaging var ute i det fri. Eg var snar til å ta på meg oppgåva som kokke og oppvaskar. Dei tre eg var i lag med hamra og saga og reiv og bygde. Så late dagar var det ikkje . For dei. Men eg hadde no med spitet mitt og boka mi (Stalins kyr av Sofi Oksanen) og var vel nøgd med opphaldet.

lørdag 20. juni 2009

Søteplehagen min - til glede og nytte

Det stod ein gammal apal i eplehagen vår
som ikkje hadde blomstra på mange Herrens år.
Og folk som såg han, meinte: "Hogg gamle kraken ned,
og ta han med til byen og sel han vekk som ved".
Men treet stod og kviskra så berre eg forstod:
"Det er visst ingen lenger som bryr seg om meg no."

Eg sa: " Eg bryr meg om deg, om det kan hjelpe litt."
"Å, gjer du det", sa treet, då skal eg gjere mitt."
Og aldri før i verda har noko epletre
hatt slike gode kvister å bere eple med.
Snart bogna dei av eple med runde, raude kinn,
og vi tok til å ete så magen snart var stinn.
Di meir vi åt, di fleir dei vart!
Vi undrast storleg etter kvart.




Ja, akkurat slik er det i eplehagen vår og, slik som Ruth Orbach skriv om det i "Eplegriser", biletboka som er omsett av Hanna Midtbø.
Når hausten er her, har vi kasse på kasse i kjellaren. Vi har ete det vi har orka av Transparente Blanche og Summerred. Ja, eg likar no best Säfstaholm. Dei kosar eg meg riktig godt med. Prinsar og Silkeeple likar dei andre i familien. Filippa og Lobo gøymer vi til vinteren, dei raudlette Lobo- epla er flotte å ta fram til jol og pynte med på fruktfat. Vi lagar eplekaker og eplepai, eg turkar epleskiver og drysser på kanel og litt sukker. Nam, nam.

Vi gjev bort eple til alle som vil ha. Men endå er det mykje att.
Kva då? Jo, for nokre år sidan gjekk vi til innkaup av kvern og saftpresse. Fyrst vert epla vaska og delte, og stygge flekkar o.l. skjer vi bort. Bytte på bytte med eple gjeng oppi eplekverna og vert malne sund. Når det store karet er fullt med ferdigmalne eple, går vi til saftpressa.


Vi "pakkar " dei malne epla inn i fiberduk. Imellom kvart lag legg vi ei plastplate. Vi tek 3 -4 lag til kvar pressing. Ein hydraulisk jekk på 10 tonn hjelper til å få kvar ein eplesaftdråpe ut av fruktmassen. Det vert berre skal og eplekjerner att. Siste året har vi minst pressa 4 gonger, og kvar gong har vi fått 60 - 70 liter saft.




Fin-fin eplesaft, som eg fyller på store plastflasker. No puttar vi dei i frysaren. Dei fyrste åra pasteuriserte vi safta, men ho var ikkje holdbar så lenge. No har vi saft heile året. Og dersom vi let flaska stå nokre dagar på kjøkenbenken, vert det den flottaste cider.
Kjem du innom, skal du få smake!
Og sidan gjer vi klar til fest kvar haust når treet bognar,
for fugl og folk og lodne dyr dei kjem når epla mognar.
Til neste år må også du ta med deg dei du kjenner
og kome hit på eplefest, så blir vi fleire venner!

søndag 10. mai 2009

Lesehestar kan og skrive -

Leseåret 2008/2009 (som startar og sluttar i mai) er no snart til endes. Har eg i år nådd målet mitt som er å lese 50 bøker?
50 bøker - det er mest ei bok i veka. Det skulle vel ikkje vere problem for ei som har haugar av bøker overalt - og som kan leite i alle boksamlingane i landet etter Den boka. Men døgnet har framleis berre 24 timar, og eg må sove i 8 av dei. Eg må lage mat og ete, gå på jobb, gjere noko naudsynt husarbeid, kanskje sjå litt fjernsyn og strikke litt. Eg har imidlertid gjort så godt eg kan, og resultatet er 41 bøker.

Mange av desse 41 bøkene har gitt meg gode leseopplevingar og leseglede. Somme bøker er slik at du må lese side etter side, så fort du kan- for det er så spennande. Andre bøker les du seint og nyt kvar setning.

Eg er ein bokslukar, har nok allstøtt vore det. Eg er oppvaksen med biblioteket berre 2 minutt frå huset der eg budde. I barndomen var eg på bibber'n kvar dag: Lånte ei bok og gjekk heim for å lese - og neste dag attende med boka og låne ei ny. Eg kan til og med minnast den fyrste boka eg lånte på eige bibliotekkort. Det var "Gun og bølgene". (Trur eg fekk fatt i den på eit antikvariat for nokre år sidan).

Eg les barnebøker og bøker for ungdom. Ei av barnebøkene eg hadde stor glede av å lese var "Ved Arken klokka åtte" - av Ulrich. Det var Noah som ba alle dyra om å kome til Arka. Fornøyeleg!

Ungdomsbøker likar eg og. Per Nilsson skreiv for fleire år sidan "Hjertets fryd"; om den unge guten som vert ulukkeleg forelska i jenta med det raude håret og den grøne genseren. Ho som duftar av sitronmelisse (eller hjertets fryd som det visstnok heiter på svensk). No har det kome eit framhald. "The return of Hjertets fryd". No får vi vite korleis det gjekk med den unge guten året etterpå - og kvifor den unge jenta ikkje ville ha meir kontakt. Bra ungdomsbok.
Berre titelen på Bjørn Sortland si siste bok gjer at du får lyst til å lese den. " Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det".
Ingelin Røssland har skrive spennande bøker om Engel Winge. "Englefjes" og "Englejakt". Engel er ein tøff tenåring som har sumarjobb i ei lokalavis og prøver å finne ut av mysterier på heimstaden sin. Det er ei fargerik og sterk jente - med eit frodig språk.
Anna Gavalda har og skrive for ungdom. "35 kg håp" handlar om Georg som er 14 år, hatar skulen, har dumpa og er no utvist. Men han kjem til slutt på ein skule der han trivst.

Ein burde kunne lese litteratur frå nabolanda på originalspråket. Eg har faktisk lese to bøker på svensk. Ja, omsett til svensk frå latvisk. Den fyrste boka tok det tid å kome gjennom, den andre gjekk mykje betre. Vizma Belsevica har skrive sjølvbiografiske romanar "Bille och kriget" og "Billes skøna ungdom". Bøkene gjev eit godt bilete av livet i Latvia under siste verdskrigen og dei fyrste åra etter krigen. Desse bøkene likte eg godt.

Eg er glad i høgtlesing. Då er lydbøker midt i blinken. Lasse Lindtner les bøker av Gunnar Staalesen. Han skifter mellom uike dialektar, og lydbøkene vert som høyrespel. "Kalde hjerter" og "Begravde hunder biter ikke" var spennande!
Høyrespel frå NRK er allstøtt moro å høyre på. Ein av mine favorittar er "God natt, mister Tom" av den engelske forfattaren Magorian. Det er krig i England, og vesle Will vert sendt ut på den engelske landsbygda for å kome unna bombinga av London. Eit rørande og godt forhold mellom den redde, vesle guten og den eldre mannen, Tom.
Harry Bernstein var over 90 år då han skreiv sine to sjølvbiografiske romanar. "Den usynlige muren" handlar om barndomen hans i England. Han budde i ein by der dei kristne budde på den eine sida av gata , og på den andre sida av den usynlege muren budde jødane.

Tysdag 12. mai startar mitt nye leseår. 4 bøker ligg klare !
Skal eg starte med framhaldsboka til Harry Bernstein - "Drømmen". Då har familien til forfattaren reist frå England til Amerika, men vert det nye livet som draumen dei har drøymt?
Eg gled meg til Anna Gavalda si nye bok "Lykka er ein sjeldan fugl", men den skal eg kanskje gøyme til pinsa? Kva med "Barn av Stalin. Tre generasjoner i krig og kjærlighet" av Owen Matthews?
Nei, eg trur eg tek "Dewey". Av Vicki Myron. Den handlar om bibliotekkatten som erobra småbyen og tok ei heil verd med storm!
Det må vel vere noko for meg i desse vakre, men akk så kalde maidagane.

mandag 20. april 2009

Å nei, eg høyrer lerka for fyrste gong i år!

Å nei, eg høyrer lerka for fyrste gong i år!
Ned frå ein vinterhimmel ho kved så kvat om vår.
Og dimt det er i lufta, og skodd har sola dult;
men den velsigna fuglen han kvitrar like fullt.

Dette var Anders Hovden sitt bidrag til lerke-diktinga den gongen han og Arne Garborg og Per Sivle trefte kvarandre på Jæren.

Arne Garborg kalla sitt dikt for Vårdag.
Å nei, for himmel rein og klår!
Å sæle meg, no er det vår!
No spelar liv om land og strand;
å sæle meg, at opp eg vann!

Og i det tredje verset kjem lerka fram:
Å nei, eg høyrer lerka slå
opp under bleike himmelblå!
Mot kvelv ho stig med songen sin;
snart når ho visst i himlen inn.

Per Sivle skreiv songen om lerka som Lars Søraas sette tone til og som vi lærte alle versa på
i skulen i gamle dagar:
Og vesle lerka ho hev det so
at finn ho ein tuvetopp fri for snjo,
så kved ho i med sin gladaste song
- so trur ho på vår med ein einaste gong -
"Å hei! å hi! å tiriliti!"

Desse songane kom eg i hug då eg i det vakraste vårver køyrde heim frå Telemark no på sundag. Eg hadde vore saman med mine 4 kjære venninner som eg vart kjend med i Oslo for mange, mange år sidan. Vi gjekk saman på høgskule i Oslo, og no i år er det 40 år sidan vi fekk vitnemål i hand. Vi var 6 jenter i vår beste alder som kom til Oslo frå ulike kantar av landet. Fort vart det vi som var saman. På skulen lærte vi å skrive referat og føre protokollar - med sakliste og vedtak. GDB-klubben vart etablert, og det varte ikkje lenge før den fyrste protokollen vart innkaupt, og referatskrivinga gjekk på omgang. Det vart sjølvsagt skrive referat frå 40-årsfesten vi hadde i helga, og alle formenn underteikna protokollen.

Det er ikkje kvart år vi har møte. Men går det lenge mellom kvar gong vi ser kvarandre, så går dei 3 skrivne bøkene i posten, og dei vert sende rundt i landet etter eit bestemt mønster! Då skal kvar formann skrive om stoda på arbeidsplassen eller i familien - og helst lime inn nokre bilete. Kvar gong bøkene kjem i mitt hus, startar eg lesinga på side 1 i bok 1. Og tru det eller ikkje, det er like stas å lese i bøkene kvar gong!
Denne gongen hadde vi lagt møtet til Telemark. Våren viste seg frå si beste side. Vi gjekk lange turar, sume av oss kasta både ulltrøye og stillongs - for sola varma godt! Vi kosa oss i sola på verandaen. Vi fekk mykje god mat og drikke, og vi sat lenge til bords. Og skravla gjekk! Sers triveleg hadde vi det. Formannen vi besøkte er litt av ein blomeven og fuglekjennar, og ho kunne fortelje at no var lerka komen.

Det var vel ei veke sidan eg køyrde gjennom Telemark sist, og då var det mykje snø mange plassar. Hainn te mæ og æ ville feire påska i eit solrikt land utan snø i år, og vi reiste til Italia. Nærare bestemt Toscana. DER var det grønt, fargerike blomar på tre og buskar, og sola skein frå ein blå himmel dei dagane vi var der. Vi kledde oss i kortermaskjort! og ullstrømpene vart lagde nedst i kofferten. Det var liv og røre overalt, fullt av folk i og utanfor kyrkjer og museum. Fortausrestaurantar der folk kosa seg med vin og øl. Og pizza, så klart.

Vi kosa oss og. Vi besøkte Firenze, Pisa, Siena og Lucca. Trivelege byar. Travelt var det, og vi var på farten heile dagen. Det forundra oss at butikkar og marknader var opne både skjærtorsdag og langfredag. Eg trudde at i Paven sitt land ville dei vere noko strengare med slikt. Men for oss turistar var det jo flott at alt var ope.

No er det vår i Noreg! Fram med rive og trillebår, arbeidshanskar og greip. Sauelort og frøposar.
Flaumen går, og bjørka sprett i dalom.

Knuppar seg kvesser
i logne lider.
Bekkjer brusar
i døkke dalar.
Liv leikar,
blom blømer.
Sjø skvalar
i gråe glòpurd.

Nord i nare
og arme audner,
ligg det landet
som nemnest Noreg.
Sol signar,
vind vermer,
foss fløymer
og liv vaknar.
Vår vandrar
i grender gamle.

søndag 29. mars 2009

Norge, mitt Norge....

Norge, mitt Norge! - så sover du tyst
i vinterens skinnende sale,
og ingen kan drømme så lett og så lyst
når elvene synker i dvale,
og ingen kan smile så stille og glad
når meisenes fløytende stemmer dør av,
og skogene sover i dale!



I dei siste dagane av mars hadde eg trudd at våren ville kome her sør i landet. Vel bur eg i fjell-Noreg, men eg hadde venta at snøen ville halde seg borte no. Eg var på bytur heilt sør i landet siste helg, og då varma sola så godt at eg måtte kaste både ulljakka og boblejakka der eg venta på bussen i buss-skuret. Kristiansand hadde rekordvarme den laurdagen med 15 - 16 plussgrader.
var eg bekymra for at all snøen på heia skulle tine og øydeleggje skuterføret. Gullungen og kjærasten hadde nemleg planlagt å få køyrt inn materialar til seterbua som ligg langt inne i fjellet. Dei vil stelle på veggar og golv, og då trengst det så mykje av alt at då er skuteren god å ha til å frakte med. Dei var utruleg heldige med veret og føret, og alt kom inn til støylen og inn i bua. Til sumars vil dei bruke fritida si på å rive og kle på nytt.

Det var så laga at eg var heime frå jobb denne veka, og i god gamaldags husfrueånd kunne eg stelle for dei unge som hadde travle dagar i fjellet. Nybaka stomp måtte til, og eg bestemte at denne veka skulle vi ikkje ha noko "fancy" mat. Ikkje pizza og foccatia, heller ikkje pasta og bernaise. Eg stod over grytene og laga lapskaus og fårikål, og dei fekk eplekaker - og flotmylje av nybaka braud.

Då eg vakna i dag tidleg, var verda atter kvit. Eg må vedgå det, det er no vakkert og. Eg veit at dersom berre sola kjem fram, så tiner alt. Og eg kan leite etter knuppar på gull-busken min.




Norge, mitt Norge! - så gi meg en vår
med sol over vuggende vanne!
Men hør meg, ja hør meg: når dagen forgår,
og aftenen skygger min panne,
da lær meg å visne, å Norge, min mor,
da red meg en seng i din hellige jord,
når sommeren drager av lande!

Theodor Caspari, 1853 - 1949.

søndag 15. mars 2009

And the winner is....


ENDELEG! Etter mange års røynsle - ikkje med pil og boge som Olav H. Hauge skriv - men med spade, grev, gummihanskar, gummibrett til å stå på kne på, pinnar, snor og FRØ har eg endeleg vunne 1.premien i jordbruksklubben.
Vi hadde årsmøte her ein kveld, og resultatet etter siste års hagearbeid vart kunngjort. Jordbrukssjefen har vore på vitjing i hagane til medlemene og sett nøye på korleis vi steller jorda og plantene. Eg har hatt 4.plassen i fleire år, så no var det godt å kome høgast på resultatlista. Medlemene er ihuga grønsakdyrkarar, og det var jammen godt at det i år også på denne pallen stod ein trønder. Det er når det verkeleg gjeld at trønderane viser seg fram: Hjallis, Toralf Engan, Petter Northug, Magnus Moan - og så mæ.

Det såg ille ut her i fjor vår, då ein hare hadde vore på ferde i kjøkenhagen min. Men eg har stått på; tynna og luka bort vassarve, meldestokk, kveke, løvetann. Brennesla laga eg suppe på, og alt det andre ugraset hadde eg i komposthaugen. Skvallerkålen kjempar eg mot i ein annan del av hagen. Ja, rett skal vere rett. Eg vil dele æra med hjelperan' mine. Hainn te mæ har køyrt fleire trillebårlass med saueskit i hagen min og snudd jorda. Han vil eg takke. Likeins med gullungen. Ho var heime den veka då ugraset hadde lagt seg som eit grønt teppe på jorda mi, og eg sjølv var bortreist. Ho gjekk på med krum hals, rivjern og ei lydbok i øyret. Då sjøla kom heim, var hagen eit vakkert syn. Men seinare har eg vore der sjølv, kosa meg med gulrottynning medan sola svei i nakken, pakka meir jord rundt lauken medan regnet krulla håret mitt. Og resultatet vart flott. Om æ ska sei det sjølv!
Jordbruksklubben eg er medlem av, er den einaste klubben i Noreg som berre driv med grønsakdyrking. Til eige bruk. Kva er vel betre enn å gå ein sumardag ut i hagen og ta inn det du vil bruke i dagens salat: salatblad, reddik, graslauk, ringblomar og agurkurt. Eller på haustkanten dra opp nokre gulrøter, som går i nistepakka, invitere vener til squashmiddag eller dele ut krukker med basilikum i aust og vest.
Og vite at alt er økologisk dyrka. Ikkje ein drope gift i min hage.
I kjellaren har vi framleis store, saftige gulrøter - lagt lagvis i mose. På kjellerveggen heng lauken, og i frysaren har vi erter, bønner og squash.
Ute er det enno vinter, men no må eg planleggje kva for frø eg vil kaupe i år.
Eg kan ikkje kvile på mine laurbær.

lørdag 7. mars 2009

Kvinne, dame, donna , dros, eva, fruentimmer.....


Til lukke med dagen, jenter!

101 år er det sidan 8. mars vart feira fyrste gong internasjonalt. Det var i New York at kvinnene kjempa for røysterett, og det vart vedteke i 1910 i USA.

Kor mange av oss er med og kjempar i dag? Er det lenge sidan DU gjekk i demonstrasjonstog?

Den som er ung i dag veit ikkje om anna enn likestilling på alle felt. På alle felt? Har vi lik løn for likt arbeid i dag? Har jenter dei same mogelegheiter som gutar?

Jenter og gutar vert oppseda etter same reglar i dag, i dei fleste heimar. Men det er ikkje til å kome frå at fleire jenter enn gutar vil leike med dokker, og fleire gutar enn enn jenter vil ha bil og traktor å leike med. Gullungen vår fekk trøtraktor og dokkevogn då ho var lita. Dokkevogna er velbruka, men traktoren står på løa og er mest like fin som for 25 år sidan. Men gullungen tok traktorsertifikat då ho var 16 år, og ho kan skifte hjul på bil, og ho kan setje opp gjerde. Det er meir enn mora kan.

Mora og ei venninne var på biltur gjennom Telemark. I ein sving punkterte dei . Ja, ikkje Den Svingen som Kjetil Brottveit skriv om i boka si, "Nattradioen".
Ingen hadde røynsle frå hjulskift! Venninna hadde nokså ny bil, og den var full-lasta. Mora til gullungen var redd for at reservehjulet var teke ut, slik at dei skulle få betre bagasjeplass. Men heldigvis, det låg på plass.

Ja, vi må ha ein jekk, sa den eine. Og kanskje instruksjonsbok. Jekken kom på plass, men korleis få hjulet opp frå bakken? Dei stod med nokre "dingsar" i hendene, men visste ikkje å få kople dei i hop. Vi tek ein kulepenn, sa den eine frua. Og då var jobben i gang: Kulepennen inn i eit hol, sveive rundt, tak kulepennen ut og få eit nytt tak. Slik heldt dei på. Det gjekk utruleg seint. Bil etter bil køyrde forbi, ingen stansa og ville hjelpe dei to middelaldrande fruene. Til slutt gjekk den eine frua ut i vegkanten og fekk stoppa ein yrkessjåfør. Han hjelpte til. På eit blunk var hjulet av, og på ein -to-tre var det nye hjulet på. JENTER, lær dykk å skifte hjul.

Men vi som er fødde under eller like etter Krigen, vi er ikkje opplærde til den slags.

I min barndomsheim var vi tre sysken, og eg var eldst. Men kven var det som fekk ansvar for å låse døra når foreldra våre var ute ein kveldstur? Jo, det var broren som var 2 år yngre enn meg. Og kven var det som fekk bruke Storkniven og skjere opp brødskiver når foreldra var ute? Det var den same broren. Så det er ikkje rart at eg ikkje kan skifte hjul - eller køyre traktor. Men eg er veldig flink til finare broderi og brødbaking.


Dei orda eg skriv i overskrifta har eg funne i Norsk synonymordbok (ved Dag Gundersen, Oslo 1970). Her kan ein sjå kor ulikt dei to orda "mann" og "kvinne"vert brukte og forståtte i norsk språk:

Synonym til kvinne: kvinne, dame, donna, dros, eva(datter), fruentimmer, kvinnfolk, lady, matrone, mor, nymfe, sjarmtroll, tøtte, yrkeskvinne, amasone, furie,
kakkenyn(n)e, pavinne, pimpernille, jåle, spjåk, fjolle, gås, høne.

Synonym til mann, derimot, er m.a. adam, det sterke kjønn, fyr, gentleman, herre, kar, kall, mannfolk, ektemann, gemal, make, arbeider, mannskap.

"Det maniske fruentimmer"


God helg til alle lesarar, frå ei kakkenynne (kva no det er).

Eg slo opp i fleire leksika for å finne tydinga av dette ordet.
I Norsk ordbok fann eg ordet, som kjem frå Frol.:

Det er ei kvinne som småpratar om laust og fast.