tirsdag 16. mars 2010

Våren er i kjømda

Fram på vetteren stundom han tenkte,
gjev eg var i eit varmare land,
men når vårsol i bakkane blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.
Med desse orda frå "Mellom bakkar og berg" av Ivar Aasen vil eg ynskje at alle nordmenn får ein god vår. Det er framleis kaldt om nettene her i fjell-Noreg, men dagane er lange, og sola varmar godt gjennom glaset.
Det er mest bert her ute på tunet. Dei 10 cm med snø som kom for 2 veker sidan, er no smelta eller blåse bort. Det meste eg har målt av snø i vinter her nede på jordet er 32 cm. Skal tru om nokre har hatt - eller har meir snø enn oss?!
Men det er farleg når vinteren slepper taket. Eg henta avisa her ein morgon - og eg prøvde å gå der det ikkje var speika. Men kan du ikkje vite - eg var ute på glatta, gjorde eit kjempehopp i lufta og ramla rett på ratata - og hovudet slo i isen. Ja, det gjekk no heldigvis godt - denne gongen og.
Nokre dagar seinare segla eg av garde på knea ned ein bakke. Resultatet vart hol i buksa og hol på kneet. Og ikkje nok med det. Eg som er så snill med dyra eg stundom passar på at eg hentar brødskalkar og gamle brød på lokal-sjappa, fekk meg ein blå-nagl her ein dag. Eg var ikkje rask nok til å trekkje til meg handa ein dag fjordingen fekk skalkar av meg. Nei, det var ikkje hans feil. Det var eg som var treg.
Sola vermde så godt her ein dag at eg sleppte ut hønseflokken. Dei riktig kosa seg i vårsola.
Dei legg egg kvar dag no, og her er det velstand med pannekaker og vaflar.




Mars månad er travel. Det er årsmøtetid, og det er forfattarkveldar og konsertar. Og til helga skal eg på teater for å sjå "Spelemann på taket".

No når sola får betre tak, vert det mykje å glede seg over. Snart må eg vel til å så. Men fyrst skal eg på 80-årsfest i jordbruksklubben min.

Og når liene grønkar som hagar,
når det laver av blomar på strå,
og når netter er ljose som dagar,
kan han ingen stad venare sjå.

søndag 7. februar 2010

Fola, fola Blakken


Fola, fola Blakken,

gå no inn i stallen din,

så kjem vesle Gullet inn

og klappar deg på nakken.


Dette var ein av yndlingssongane til Gullungen då ho var lita. Vi måtte syngje den omatt og omatt, så det var kanhende ikkje merkverdig at ho etter kvart hadde mottoet


Hest er best, ingen protest.


Og frå den dagen ho kunne skrive ynskjelistene sine sjølv, sto HEST allstøtt øverst på lista. Og samstundes kom det eit sukk: Eg veit at det får eg ikkje.

Vi, foreldra, skulle vel vere glade for at det var ein heste-song ho var så glad i. Tenk om det hadde vore ein song om ellediller og krokofanter eller Musevisa. Nei, hest er å foretrekkje framfor krokodiller og elefanter - og ikkje å tale om MUS.


Gullungen fekk hest på 12-årsdagen sin. Ein fjording som var 13 år - og gleda var så stor at ho vart mållaus (og det var ho sjeldan). Då Gullungen vart stor og skulle ut i verda for å lære seg eit yrke, vart hesten seld til nokre jenter i nærleiken. Men Gullungen hugsa på Hesten sin når ho var heime - og kvar 23. april i mange år fekk eg ein SMS:


Du veit vel kven som har bursdag i dag?

Klart eg visste det, og eg gjekk på hestebesøk med gulrot og eple.

No etter mange år er fjordingen attende her på garden. No som pensjonist. Eg hadde gleda av å vere avløysar ei veke, og eg ville ta jobben alvorleg. Eg skulle stelle 2 hestar: Fjordingen og ei islandsk merr og 3 høner og ein hane. Gullungen og kjærasten hadde laga alt så greitt, og eg hadde ei liste over mine gjeremål.


Hønene hadde akkurat begynt å verpe, og kvar morgon var eg spent når eg kom inn i hønsegarden. No har eg samla egg ei heil veke, og i morgon den dag skal det bli painnkak' !


Men desse to hestane var ikkje gode vener lenger, og det var hu islandske som tok føringa. Fjordingen virka skremd, og den eine kvelden streva eg for å få han inn i stallen. Hu islandske trippa etter meg og kraftfôrbytta, men fjordingen stod berre. Han hadde bestemt seg for at der hu islandske var, skulle ikkje han vere - og inn i stallen skulle han i alle fall ikkje. Eg lokka med kraftfôr, høy, søteple og godsnakk. Eg fekk han til slutt under tak, men ikkje inn - der fekk han høy og stod og åt. Eg skunda meg inn i fjøsgongen etter grinder, henta ut 4, og skulle setje dei saman. Då han såg det, ville han ut og springe, og eg greide ikkje å stengje han inne.


Fytti grisen! Det nærma seg midnatt, og han og eg stod der ute under stjernene. Kaldt var det - og fint måneskin. Heldigvis har du den tjukke skinnkåpa på, tenkte eg. Eg hadde jo ikkje strigla eller børsta han heile veka. Du må nok gå ute i natt om eg ikkje får deg inn. Eg henta meir høy, henta ein stor sekk med sagflis og la utover golvet og sette fram ei bytte med varmt vatn. Ljoset lot eg stå på. Eg sov ikkje stort den natta, for eg lurte på korleis hesten hadde det i kulda. Eg stod tidleg opp og var ned og sjekka, men han hadde det så bra - og humra då han såg eg kom med høy.


Slik heldt vi på nokre kveldar. Hans vilje mot mi. Og han vann - kvar gong. Han ville ikkje inn til hu islandske. Han ville ha fridomen til å gå kor han ville om natta. Sjølvsagt var straumgjerdet på - og han hadde eit stort område å boltre seg på. Han fekk høy og vatn ute ,og det hende han stod under tak når eg kom ned om morgonen. Eg slutta å prøve å lure han inn, og det trur eg vi båe var nøgde med.


Eg skal vere avløysar att om nokre veker. Då har nok Gullungen og kjærasten - eller helst han - gjort om i stallen slik at det skal vere greiare å ha inn båe hestane. Ja, vi fær no sjå.


Moro var det å ha dyr att på garden. Og serleg kosa eg meg med Margido, Nelly, Oda og Perla. Desse namna på hønene og hanen veit ikkje Gullungen om. Når eg passar dei, heiter dei i alle fall dette.


søndag 3. januar 2010

Genseren te'n Johansen

Og hør litt, min kjære venninne,
som byder på bollefest,
i stamkneipa mi kan du finne
folk, bedre enn mang en prest.
Og de tok mot en sjømann med ære,
og sånn som han stod og gikk
og om genseren var slitt,
fikk det være,
de passa sitt eget bestikk.





Eg kom på denne songen då eg såg Gullungen i Genseren sin her ein dag. Songen om Johansen og genseren hans høyrde vi i mang ein Ønskekonsert på femti- og sekstitalet, og jammen kunne eg mange av versa i dag og.
Genser'n te Gullungen er og ein slik som har vore mykje i bruk. Eg arva genseren av ei kusine, og vinters tid i fødebyen var det i mange år skulegenseren min. I eit gamalt fotoalbum har eg til og med bilete av mor mi på ski i denne genseren. Ho fekk låne den av meg ei påske vi hadde skirenn utanfor Jonettaplassen. Eg flutte til Tigerstaden og tok genseren med, og etter kvart hamna både eg og genseren her i fjellheimen.
Gullungen tok genseren med, dei åra ho "gik omkring og sultet i Kristiania, denne forunderlige By som ingen forlater før han har faat Mærker av den...". Ja, eg trur ikkje ho var svolten dei åra ho var der, og eg trur og ho hadde andre genserar. Eg vonar og trur at ho hadde genseren med på vinter-telt-turen til Hattfjelldal og på sumar-fjellturane her i Finndalen. Og no er genseren i bruk mest kvar dag der ho køyrer rundt i dei 7 kommunane sine og hjelper store og små dyr.

I frostnetter opp i Alaska
var "iglooen" god å ha,
eller når troperegn plaska,
ei hytte av palmeblad.
Eg har og min "Johansen-genser" i dag. Utanfor jobben min her ein dag trefte eg på ei venninne, og ho spurde om eg hadde fått meg ny vinterjakke. Den var så raud og fin.
Eg lo litt, og takka for komplementet. Ja, jakka var ny den. For meg!
Men eg hadde arva ho etter mor mi, og om jakka var kjøpt på åtti-, nitti-, eller til og med på sytti-talet kunne eg ikkje vite. Eg hadde sendt jakka til rens og fått ho tilbake - som ny. Varm og god.
Dei siste åra mor mi levde, pynta ho seg i denne jakka når ho skulle på bytur med syskena mine. Ja, ho kunne ikkje "fin-gå" då, men ho vart trilla rundt i rullestol.
Med den raude alpelua på toppen av krøllane og med litt munnraudt på leppene,
var ho klar for Byen.

onsdag 30. desember 2009

Sokkar til glede og nytte

Den lisle jenta ho e so vare
ho kan'kje spinne, ho kan'kje karde
ho kan'kje spit' seg ein leggjesokk.
Men ho fær friarar likegodt.
Stev frå Setesdal






Ei strikkerske har allstøtt garnrestar liggjande, og det skal berre eit par pinnar og eit kveldsbel
så har du ein maskot ferdig. Og det skal ikkje meir enn ei raud topplue - vips, så er det blitt ein nisse. Som du puttar i eit brev eller legg på toppen av ei pakke, og mottakaren får seg ein god latter.

Har ein pinnar og garn tilgjengeleg, har ein det aldri kjedeleg. I dag er ikkje strikking naudsynt, trur kanskje det er vel så billig å kaupe sokkar og vottar på bua. Men eg trur at det du lagar og gjev bort, er så mykje varmare. Mottakaren kjenner sikkert varmen frå hendene dine når dei nye sokkane kjem på foten. Eg hadde 20 par sokkar liggjande då eg skulle til å pakke jolegåver. Mange vart sende av stad til fjern og nær.
Neste år får du kanskje sokkar av meg!


lørdag 19. desember 2009

Advent

Det er kaldt, det snør ute, og det er advent.
På kjøkenbordet står adventsljosestaken Hainn te mæ laga for over 30 år sidan. Ikkje noko krimskrams eller utskjeringar; berre ein halv bjørkekubbe som er godt høvla slik at han står støtt på bordet. 4 hol, akkurat passe til 4 lilla ljos.

Det er tid for brevskriving og kakebaking. No i kveld kjenner eg at eg er i rute; eg har vaska golvet og "borre" ved. Eg har endeleg fått baka nokre sortar, men peparkakene vantar. Gullungen har sagt at dei kjem ho med; ho har kjøpt ei ny peparkakeform, ein hund, (vi har jo dusinet fullt frå før) så i år vert det berre hundepaparkaker. Ho vil vel at vi alle skal sjå og vite at ho endeleg har fått kvalp.

Ljos er viktig i denne tida, men det er også jolekalenderen. Somme kallar det for adventskalender, men i mi barndoms jol var det Jolekalender.
Så langt tilbake som eg kan minnast, har vi hatt jolekalender. Den fyrste fekk vi nok midt på femti-talet. Mamma kjøpte ein som hadde 24 luker som vi skulle opne. Det var gjerne bilete frå bibelsoga dei fyrste åra. Seinare vart det med ulike nissar . Etter nokre år fann vi bittesmå plastfigurar inni lukene. Det var spennande, og eg trur eg har nokre av dei enno. (Når eg snart skal ha loftsrydding, skal eg jammen sjå om eg kan finne dei att).

I dag har vel dei fleste ungar sin eigen kalender. Somme har kanskje fleire; kanskje ein heimelaga og ein med sjokolade. Eg måtte dele kalenderen med mine to yngre sysken. Det finaste biletet eller den flottaste plastfiguren var sjølvsagt i luke nr.24.
Kven var så heldig å få opne den? Eg var størst og kunne både telje og rekne. Eg fann ut at den som opna sist av oss tre, ville vere den heldige som fekk opne luke 24. Å opne luke nr.23 var nesten like bra, og då måtte du starte med å opne som nr. 2. Dette skjøna bror min; vi var like gløgge! Men syster vår, ho var så lita at ho stråla over heile andletet når vi sa at ho kunne opne den fyrste luka. Ho undra seg i mange år over kvifor ho aldri fekk opne på jolekvelden. Sånn er det berre, sa bror min og eg - og så lo vi bak ryggen hennar.
Eg vonar at ho har tilgjeve oss. Kanskje eg må lage ein kalender berre for henne. Ho likar helst heimelaga gåver, så dersom eg skal bli ferdig til neste jol, må eg nok starte på nyåret.

Eg har lese at det var i Tyskland at dei fyrste kalenderane vart laga. Det var i 1904. Dei hadde helst bilete frå bibelsoga. I Noreg vart dei fyrste adventskalenderane kjende på slutten av 1940-talet. Det var Norsk speiderpikeforbund som produserte dei.
Mange av oss har vel heimelaga kalenderar - som går i arv. Det er moro å lage til og finne 24 gåver. Men stakkars ho bestemora eg veit om som har 4 borneborn. Ho lagar til 96 gåver ! All ære til henne!

tirsdag 3. november 2009

Spøkelse ved høylys dag??

Her ein dag - det var endåtil Allehelgensdag, trudde eg det var kome eit skrømt inn i huset mitt. Eit skrømt som var interessert i den nye joggebuksa mi. Så ny var buksa at prislappen sto på . Eg sto med buksa i handa - og etter ein augneblink eller helst to, var buksa borte. Ok, det hender at eg gløymer nokre småting - som eit forfattarnamn eller ein tittel. Det hender og at eg legg borte noko på ein lur plass, og så kjem eg ikkje i hug kor det var. Men denne gongen var det ikkje noko lite, det var EI BUKSE!

Eg hadde teke ut nokre klede frå ein koffert. Noko hamna i skittentøykorga, og noko vart lagt i klesskåpet. Kofferten sette eg på loftet. Eg skulle ta ein dusj, og etterpå skulle eg ta i bruk ny-buksa. Men kor var ho??

Eg leita høgt og lågt. Sjekka alle fire dører. Ingen kunne ha kome inn, alle dørene var låste. Det er vel berre skrømt som går gjennom låste dører? Buksa var borte. Eg sjekka i kofferten på loftet, i klesskåpa, og eg var ein tur i alle rom i heile huset. Eg hadde visserligen stått med buksa i handa. Eg hugsa jo kor god og mjuk ho var. Men kor var ho??

Eg måtte le litt av meg sjølv der eg for rundt og leita. Det var jo Halloween, tida då alt kan hende. Men kvifor var berre buksa borte?
Tåka kom sigande, og det var helst ei trolsk stemning nede i hagen. Epletrea vaia i vinden, og rett som det var fall eit eple ikkje langt frå stammen. Eg gav opp leitinga- og fann fram spitet mitt og lydboka mi (Mors bok av Margaret Skjelbred).

PLUTSELEG slår eit minne ned i skolten. Hadde eg ikkje opplevd noko liknande?
Jo, det var ein av desse varme sumarane i barndomen, den gongen vi budde nesten heile sumaren på Jonettaplassen.

Mor mi hadde kjøpt ei ny khakibuksetil bror min. Men fyrst skulle eg bruke buksa. Det var ei grøn bomullsbukse, med 4 gode lommer, 2 framme og 2 bak - med plass til alt ein hadde bruk for i det daglege livet på landet. Buksa hadde gylf. Det kunne jo ikkje eg ha. Den gongen hadde jentebuksene glidelås i sida, men mor mi visste råd. Ho skulle skifte glidelåsen, frå gylfen til sida - og året etter når bror min skulle ha att buksa, skifta glidelåsen plass att.

Men då ho skulle fikse buksa, var ho borte. Vi hadde køyrt med rutebil og drosjebil frå byen til Jonettaplassen, og mor mi kontakta både rutebilselskap og drosjesentral for å høyre om dei hadde buksa vår. Nei, inga bukse var å finne. Så den sumaren vart det ikkje noko ny bukse på meg!

Men kva hende sumaren etter? Jo, då hadde Olaf som vi budde hos, flutt på nokre møbla - på det som eg i dag vil kalle forstog-trevet - men som der og då vart kalla gongen utanfor jomfruburet. Og bak den rosemåla kista - der låg buksa! Det året fekk i alle fall bror min ny bukse!
Denne soga kom eg plutseleg i hug. Eg gjekk sporenstreks ned i gongen i ny-huset og kikka bak den rosemåla kista vi har der. Og tru det eller ei - der låg Stormberg-buksa. Eg hadde lagt buksa på loket, og ho hadde sklidd ned bak kista. Eller var det spøkelset som hadde løynt ho der??

søndag 25. oktober 2009

GULROT. Kort og godt.



Hagesesongen er over for i år. Og eg er sers nøgd med gulrotavlinga.
I heile haust har eg mest kvar dag gått i gulsrotsenga og teke opp ei gulrot her og ei gulrot der. Med vilje tynna eg dårleg i sumar, og no i haust har eg passa på å trekke opp gulrøter i dei ulike radene. No har eg teke alle inn i kjellaren, der dei ligg fint nedpakka i våt mose.

Tidlegare brukte eg sagmugg til lagring av gulrøtene. La dei lag for lag med sagmugg imellom. Med godt resultat. Lite råtna i løpet av vinteren. Eg fortalde dette til ein ven, og han ville gjere som meg. Han reiste til det same sagbruket som eg brukte. Men det verken han eller eg visste, var at den dagen han henta sagflis, hadde dei saga stokkar som var impregnerte. Han måtte kaste heile gulrotavlinga si.


Gulrøtene mine er kjempestore i år. Eg har fleire som veg 200 g. Den største vog 410 g - stor og rett og kraftig. Ho har eg no i kjøleskapet og vurderer å stille ho ut! Eg fortalde eventyr til ei gruppe barnehageborn ein dag, og då hadde eg sjølvsagt eit eventyr om ei kjempestor gulrot. Gulrota var så diger at både kona og mannen drog og drog for å få ho opp av jorda. Dei greidde det ikkje - og dei måtte få hjelp av alle dyra på garden: 5 kanarifuglar, 4 kjuklingar, 3 kattar, 2 grisar og ei ku.
Men det var fyrst då kona gjekk inn i huset , lokka fram musa og fekk ho med på laget at dei fekk opp gulrota. Og om kvelden kosa dei seg alle med ei stor gryte gulrotstuing.
Dette eventyret hadde eg omsett frå ei engelsk biletbok "The giant turnip",
og eg hadde gjort eventyret til mitt. Sjølvsagt vart det "anskuelsesundervisning" (åskodingsundervisning) for ungane, då eg drog fram den digre gulrota frå sekken min.
Då eg var skulejente, hadde eg ofte gulrot med i nistepakka. Gulrot er godt for augo, sa mor mi.
Gulrot er i grunnen godt for mangt. I gamle dagar brukte dei turka, revne gulrøter mot mark og diaré hjå småborn. Ein kan bruke finhakka, frisk gulrot som omslag på brannsår. Og det vert til og med hevda at gulrot har mentalhygiensk effekt - ho kan hindre sinne og misunning!
Men no kan eg ikkje skrive meir, eg må på ein viss plass.......