Til lukke med dagen , du som hadde bursdag 1.april og du som har i dag 1.mai.For nokre veker sidan var eg i fødebyen og feira syster mi. Ho hadde rund dag, og difor var det eit godt høve til å reise nordover. Eg har reist denne strekninga i over 40 år no, stundom med bil eller tog og stundom med fly. Denne gongen skulle eg vere
hæli og køyre sjølv dei fyrste 10 mil. Her heime var det berre og fine vegar. I alle fall dagen før eg reiste. Eg vakna til Det snøveret den morgonen eg ville reise, så eg sette meg i bilen med noko høg puls. Eg har ein god bil, 4-hjulstrekk og nye dekk, så vegen over heia må gå bra. Eg hadde god tid, for eg skulle møte Gullungen i Telemark, og så skulle ho køyre til Gardermoen, og vi skulle fly.
Dagen til syster mi starta med at vi reiste på kyrkjegarden for å setje ljos på grava til foreldra våre. Dette var min plan - for eg ville takke dei for at eg hadde fått så snill og grei veslesyster. Der vassa vi i djupsnø, men ljos vart sett ned og tend. Vi var ofte med mamma på kyrkjegarden då vi var born, og det var der vi lærte namn og årstal på oldeforeldre og andre gamle slektningar.
Om ettermiddagen skulle syster mi ha selskap med etterkomarane etter våre foreldre:
3 born og svigerborn, 6 barneborn, 6 oldeborn - og 1 i kjømda. Dette hadde mamma lika, og 2 av oldeborna er ofte på grava og pyntar for olde-Py: Jolenissar og englar til jol og påskekjuklingar og blomar til påske.
Når ein vandrar rundt i fødebyen og høyrer si barndoms dialekt overalt, er det mange ord og uttrykk ein kjem på som har vore gløymt:
Syster mi er god til å bake, men denne gongen hadde ho ikkje laga
tårnkak. Bror min
broja bila i barndomen. Det hadde nok vore farlegare hadde ungane hange bak bilane i dag. Bror min og eg sparka
basse. Eg var temmeleg god til å
veppe. Men det var få jenter som likte det, dei ville heller hoppe tau. Bror min var og god til å
kast' pæng. Han var så flink at han kunne leggje mange kroner i fotball-sko-kjøpet kvar vår. Mange guta la femøringan' sine på trikkskinnene for å få dei flate. Det var kanskje lettare å kaste på stikka med dei.
Skotthyll var det bare gamle-karan som dreiv med. No har eg høyrt at det er ein skotthyll-bane i Djupvika. Vi
gyna aldri på skotthyll-karane, nei, det var meir artig å gyne på kjærestefolkan i Lamo'parken.
Om vinteren gjekk vi på skøyta på Buran-banen. Eg gjekk lenge på skru-skøyta. Då bror min fekk seg pansera, overtok eg hockey-skøytene hans. Det beste med dei var at dei hadde kalosja. For hadde du kalosja, kunne det hende at du
fekk los. Det var mest stas å få los på Rosenborg-banen, for der hadde dei musikk. Store høgtalarar sende marsja og wienervalsa utover banen. Og fekk du los av den kjekkaste guten på banen og at det attpåtil var los utan vott, var det verdt heile turen opp frå Lamo'n.
Du høyrer det fort om nokre
trur at dei kan tale trondhjemsk. Du må mest vere frå byen for å vite kva for preposisjonar du skal bruke til dei ulike stadane:
Vi sykla uti Ila, vi spasert fræmpå Buran, vi sprang innpå Lade, vi gjekk oppi Staten og vi for nedpå Lamon.
Dagen etter selskapet var det strålande ver. Vi kosta bort snøen på terrassen til syster mi, og gamletante og gamletanteungen sette seg ut i vårsola. Høgtlesing og strikking - kan det bli betre?
Det har skjedd store endringar i Byen sidan eg budde der. Her vi er i selskap på Tiller -
var det berre myrar i den tida eg vaks opp. Det er svært mange nye bydelar som eg ikkje finn fram til, men bror min er flink til å ta meg med på køyreturar og fortel kva dei heiter.
Mangt har endra seg, men Lilleby-skulen som er 100 år i år, er framleis ein skule. Der gjekk mor og far vår, og der gjekk eg og syskena mine.
Dora I og Dora II er ikkje dei fæle bunkersane lenger - dei vi høyrde om i barndomen, som fekk russerar mura inn i veggane under krigen. Eg har faktisk lese at desse to bunkersane er det største fuglefjellet på fastlandet i Noreg. Kven kunne vite det?
Vi lærte å svømme i bassenget på Singsaker-skulen. Bassenget var frå 1915 og vart nedlagt i 1995. Det var på 12,5 meter. Det tok lang tid å ta trikken frå Lilleby til Singsaker. Vi måtte ta 2 trikkar. Vi fekk trikkpeng', men fann fort ut at heimover kunne vi gå ned Staten og bruke pengan' på brunsukkerklumpa. For 10 øre kunne du få ein spisspose full med brunsukkerklumpa med tråd i.
Om mangt er endra, så står i alle fall Lykkens portal med gode minne frå ei svunnen tid.