torsdag 1. januar 2009

Gamle året seig i hav




Gamle året seig i hav, siste dag i dauden bleikna;
men i aust det atter kveikna, ny-fødd sol stod upp or grav.
Ljoset fram or myrkret stiger, som på fyrste skapningsdag.
Sol og dag er fødd til siger, myrkret dømt til nederlag.




Gome ville at vi skulle syngje denne nyårssalma av Blix når vi sette oss til bords nyårskvelden. Det gjorde vi allstøtt i dei åra ho levde. No er vi ikkje så mange til bords lenger, så det vert ikkje mykje song. Men Joleevangeliet høyrer med på jolekvelden. Det er det Gullungen som les, og det har ho gjort i alle år sidan ho lærte å lese. På video har vi ein film om ein liten og alvorleg åtteåring som les om gjetarane på marka.



Vi har og bilete av Gullungen når ho som ungdom køyrer rundt med hest og slede og leikar jolenissen. Ho var innom mest kvar gard i grenda vår og ynskte god jol og leverte ut jolepakkar. Eg trur ikkje ho var så nøgd i den raude nissdrakta, for året etter kledde ho seg som ein fjosnisse - i vadmålsbukser, grove beksaumsko, brun heimespita lue og grått krøllete skjegg (ho hadde ofra noko av eit grått saueskinn).



Jola 2008 har gått over i historia. Det var ei god jol, med få endringar frå tidlegare år. Joletreet vart hogge i rett tid, og det kom på plass i god tid før høgtida vart ringd inn. Peparkakehuset er flott, men slik blir det vel når ein bygningsmann har regien. Gjester har vi hatt, frå fjern og nær. Tevlingskvelden (eller quiz som det heiter i urbane strøk), var vi i storform, alle fire. Det trudde no eg. Men så kom spørsmåla , frå Aftenposten og Morgenbladet, og dei gjekk ikkje heilt i vår gate. Få av oss hadde greie på franske filosofar og fransk kunst. Nei, neste år skal vi sjå om ikkje Nationen har spørsmål som høver for oss alle. Vi var like gode, i år og.




Jolefesten i mållaget er eit av dei store høgdepunkta i jola. I år med flott konsert av ein av våre store hardingfelespelarar. Folk kosa seg. Og risengrynsgrauten var god. Den hadde eg jobba med i 2 -3 timar, så det skulle berre mangle. Det er vanskeleg å seie kor mange som kjem på ein slik fest, og difor må ein lage ekstra med mat. Mat skal ein ikkje kaste, men det var få av kjøkkengjengen som ville ha restar med heim. Difor et no vi graut til dugurds mest kvar dag - og er det ikkje graut, så er det riskrem. Sjølv om grauten var aldri så god, så har no eg fått nok no - trur ikkje eg lagar ny graut for bortimot påske!



GODT NYTT ÅR!

4 kommentarer:

Kathrine sa...

GODT NYTT ÅR:-)) Og, der såg eg bilede! Nei, skal ikke skrive mere nynorsk, sjøl om jeg hadde det på folkeskolen i 9 år.
Savner bildet ja, som alle andre jeg selger. Sånn er det bare, en liten sorg hver gang. Men fryd over at andre finner det verdt å ha på veggen:-))) Kjempekoselig! :-)))

Graut ja.. Her elsker yngsten graut. Kan ikke fordra den jeg, men koker graut. Og da blir det riskrem og. Ikke i dine store mengder..Hi..men nok for meg. Så du satser på påskegraut?

Og så felespellar da. Hørtes kjempe ut!

Ønsker deg fine januardager framover:-))

Lilledora sa...

GODT NYTT ÅR
Så koselig at det kom et nytt innlegg på bloggen din, og et bilde med et dikt/salme som hørte til. Du skriv så riktig og godt at jeg føler mest at jeg kjenner deg veldig godt.
Men, her litt utenfor Fødebyen snør vi nesten ned. Hele terassen er oppfylt og Gubben var ute ved midnatt og mokket slik at det ikke skulle bli så mye til i dag, men det har snødd som bare d.... her.
Jeg driver og ordner litt, tror nesten vi skal ha Pepperkakehhusknusefest i dag. Jeg har ikke fått noe særlig beskjed, men må ordne noe i tilfelle. Hørte og om ei som ønsket seg nye ski i 5 års-gave og at hun måtte nesten ha de nå, så jeg er nesten helt sikker på at noen kommer innom. Ha ei trivelig helg.

Fivrel sa...

Takk for koselege jole- og nyttårsdagar i hop! Det var så godt å vere heime att, og hardt å reise attende til byen... Men i dag er det ti minus og strålande sol, eg skal rydde meg på plass og kome i orden att, og det er ikkje så verst med ein dag i berre fred og ro heller, eg har jo lånt med meg fleire fine bøker som må lesast før kvardagsarbeidet kjem i gong for fullt og eg ikkje lenger har tid til lesing.

Glær mæ te du kjæm å :-)

Ps så fint joletre du hadde :-)

Hilsen fra landet sa...

Så fint å få lese fra deres jul, en jul som engang også var min... Så fint som vi hadde det, og så moro! Jeg ønsker at vi kunne vært sammen igjen i høytiden. Stor klem fra her